Olea er Aktivitetsleder UNG

Olea Jonsdottir Flø har vore aktivitetsleiar ung i tre år. Saman med Mads Jacob Utseth Stave har ho hatt sommarjobb i Herøy Kajakklubb med å trene opp andre ungdommar som skal på aktivitetsleiarkurs.

Navn: Olea Jonsdottir Flø
Født: 15. januar 1996
Padlet hvor lenge: Har padla sidan 2008
Klubb: Herøy Kajakklubb
Favorittkajakk og åre: North Shore Polar og Tahe Marine Greenland, Werner Shuna og SeaBird grønlandsåre

La oss først snakke om Aktivitetsleder UNG, hva synes du om kurset?

- Eg gjekk eit ”vaksen-aktivitetsleiarkurs” på Rangøya hausten 2011. Kurset var utfordrande, men svært lærerikt. Eg synes det var litt skummelt å gå aktivitetsleiarkurs, det verste var å bli vurdert. Eg likte ikkje tanken på at eg kunne stryke på kurset.

Hva var det mest utfordrende?

- Det mest utfordrande var gruppekontrollen. Ein skal vite kor alle er til ei kvar tid, og at alle har det bra. Plutselig kunne nokon forsvinne, eller nokon vart skada, slik at dei måtte fraktast til land med ein gong. Eg måtte vere vaken heile tida. Det var mindre sjø og vind enn eg hadde førestelt meg, so kurset var ikkje like fysisk krevjande som eg trudde. Eg kjente det veldig etter dagane var ferdige, og eg kunne slappe av, at eg var mentalt utslitt.

Du har jobba i tre sommere som Aktivitetsleder UNG, hvordan har det fungert? Gjorde kurset noe med deg som padler?

- Eg har halde ein del kurs siste tre åra. Eg har også vore so heldig at eg har fått hospitere ein del på både Grunnkurs og Teknikkurs hos forskjellige aktivitetsleiarar og vegleiarar. Eg trur det har gjort meg til ein betre padlar, og også ein betre aktivitetsleiar.
Det er utruleg lærerikt å lære vekk til andre. Då blir ein meir bevisst på kva ein gjer i dei forskjellige teknikkane ein lærer vekk. Eg forstår meir korleis dei forskjellige teknikkane fungerer. Då blir det mykje enklare å velge den mest effektive teknikken utifrå kva- og kor du vil.

null

- Det som er spesielt i år, er jo ungdomstreningane. Eg og Mads Jacob Utseth Stave har hatt sommarjobb i Herøy Kajakklubb som ungdomstrenarar. Treningane vart til for å trene ungdommane i klubben til Aktivitetsleiar UNG-kurs på Kystkultursamlinga. Desse treningane har hjelpt oss med å få i gong eit skikkeleg ungdomsmiljø. Eg er veldig opptatt av at ungdommane padlar for sin eigen del, og ikkje fordi at ”mamma og pappa padlar, difor må eg også”. I dag har vi seks aktive ungdomsaktivitetsleiarar i Herøy Kajakklubb, og ein heil gjeng med ungdommar som er med på treningar og turar.

- Treningane var meint som eit prosjekt over sommaren 2014, men vi har bestemt oss for å halde fram med treningane utover hausten og vinteren. Eg trur det er viktig å ha fast aktivitet for å halde på ungdommane. Eg merkar sjølv at det blir enklare å komme seg ut når fleire dreg på lasset og er gira. Eg håper at treningane kan bli fast aktivitet, også etter at eg flyttar for å studere. Sidan vi no er seks unge aktivitetsleiarar i HKK, trur eg ikkje det vil vere noko problem.

Hva med andre former for padling, har du testa annet enn havpadling eller er det noen annen form for padling du har lyst til å prøve?

- Eg driv med grønlandspadling og rulling. Eg prøvde grønlandskajakk for første gong i 2009, men det var først året etter at eg vart ”bitt av basillen”. Eg prøvar å rulle fast ein gong i veka, men det er ikkje alltid eg klarer å trene so ofte. Eg vart uoffisielt Norgesmeister Junior i grønlandsrulling i sommar. Eg har som mål å komme på nivå med dei beste i landet. Det er jo eit langsiktig prosjekt, men eg trur at med mykje trening over lang tid, vil det kunne gå.

- I sommar fekk eg vere med på Grunnkurs Polo på Flø. Det var utruleg gøy! Det er noko eg verkeleg kan tenke meg å fortsette med. Elles har eg veldig lyst å begynne med elvepadling og kano. Eg har padla ein del kano før, men eg kunne tenkje meg å gå kurs. Det er utruleg fascinerande å sjå på dei verkeleg dyktige elve- og kanopadlarane. Det ser kjempespennande ut. Vi har ikkje akkurat so veldig mange padlbare elver her på Sunnmøre, men det kan godt hende det fins ei elv eller to der eg skal studere seinare, so det skal nok la seg gjere med tida.

La oss snakke litt om kajakker og resten av utstyret. Hvilken kajakk padler du og hva er så bra med den?

- Eg har to kajakkar; ein North Shore Polar med namn ”Dønningen” som tur-, og kurskajakk, og ein Tahe Marine Greenland med namn ”Aaviak” som rullekajakk. Eg er kjempeglad i dei begge to, det er jo difor dei har fått namn. Eg vil ikkje trekke fram nokon favoritt. Sidan dei er til forskjellig bruk, kan ein ikkje samanlikne dei. Eg har padla ganske mange forskjellige havkajakkar, men det er Polaren eg likar best av det eg har prøvd.

- North Short Polar har ein markert knekkspant, og ein svakt markert kjøl. Den responderer godt på teknikk, og med sine 507 cm er det ingen problem med å padle rette strekningar utan at han svingar for mykje.
For tida testar eg ut Valley Avocet. Til helga skal eg på padlesamling på Rangøya, og der skal eg teste ut Avocet i bølger og vind. Det gler eg meg veldig til.

Den beste opplevelsen i kajakk så langt?

- Ja, det var eit godt spørsmål. Det ”første og beste” eg finn på, var Qajaq-NM no i sommar på Stokkøya. Eg har aldri hatt større mestringsfølelse i kajakk enn det eg hadde den dagen. Eg fekk til so mykje som eg ikkje trudde eg skulle klare. Også padleturane på Stokkøy-samlinga er veldig fine. Stokkøya i Sør-Trøndelag må vere ein av det vakraste plassane i heile Noreg. Eg er kjempeglad i naturen og området. Det å reise dit på samling, er eit av høgdepunkta gjennom året. Padleturane og rulleøktene der er nok dei beste opplevingane eg har i kajakk.

null