Oppsummering m/bilder - NM Slalåm 2020

13.10.2020 08.56.30

Morgonen demra laurdag 10.oktober. Regnet hadde gjeve seg og solstråler skaut fram bak skyene. Her hang ei raud og gul Osp over vatnet der ein labyrint av raude og grøne portar sveva 20 cm over den blanke vassoverflata. Innimellom portane susa det ein parade av gule, grøne og rosa båtar fram og attende, med slalåmpadlarar som skulle tevla om NM medaljar.

Dei varma opp, memorerte løypa, prata litt, fiksa på utstyr og ensa kanskje ikkje kor vakker hausten på Voss var i dag. Eller kanskje dei gjorde det? Det var mange smil og latteren sat laust i bakevjene.

Voss Kajakklubb stod som arrangør av NM, på banen i Dugstadfossen. I eit roleg grad 2 stryk hadde løypesetjar, Jasper Polak, sett ei uvanleg krevjande løype som fekk diskusjonane til å gå heilt fram start. Var det best å gå inn høgre i port 16? Korleis får ein med seg fart opp i port 10? 18 portar skulle passerast. 13 på veg ned elva, fem av dei på veg opp. Er ein borti ein port, vert det lagt til to sekund. Bommer ein på ein port, får ein 50 sekund tillegg. Og ein må padle som ein foss for å vinne.

Først ute var jenter og gutar U12 som sende bølger av «wow» gjennom publikum på brua over Strandaelva. Ikkje berre hadde dei full kontroll på alle portane, men dei padla så fort at dei som følgde i klassane etter kanskje gira opp eit ekstra hakk for ikkje å verte slått. Her vart det i alle fall padla raskt av vinnarane i U14 klassen Laurits Valtenbergs Egeland og Madli Vethe Harbun. I dame senior tok Valeri Bertrand gullmedaljen, i ein klasse der det skilde seks sekund mellom dei fire raskaste. Dag Sandvik vann herreklassen. Her var det berre ti sekund mellom dei ti første. C1 herrer vart, ikkje overaskande, vunne av Lars Fossum, medan C1 damer vart vunne av Iris Sommernes.

Sundagen kom med tett og grå hausttåke, men minst like fargerike diskusjonar om kva linjeval som var raskast. No stod boater-x på programmet. Her er det fire padlarar som kjemper samstundes om å finne raskaste veg ned stryka og gjennom dei to portane. To går vidare til ein slutt har ein finale. Portane, stryka og dei overtende padlarane gav tilskodarane eit uforutsigbart spel der knuffinga sat laust, båtar snurra og årer flaug. Dameklassen vart vunne av Valeri Bertrand. Herreklassen vart vunne av Jasper Polak. Men igjen var showet vunne av borneklassen som imponerte med fart og eleganse ned store bølger og i raske portvendingar.

Fullstendig resultatlister finner du her; http://padling.no/nyheter/resultater-nm-slalaam-2020/ 


Hilsen fra styrets utskremte

NPF- styret var under NM- slalom i år representert ved Bente Solberg, Elsa de Plessis og Morten Nyborg. Martin Lillehagen Hansen var med fra administrasjonen

Voss Kajakklubb gjennomførte et flott arrangement, spesielt gledelig var det med så mange unge padlere. De fikk padle samme strekk som de "voksne" med større frihet til rutevalg og tid. Det var deltagere fra flere klubber i sør-Norge og nordover til Trondheim padleklubb. Det ble en kompakt og fin gjennomføring med vekt på lave skuldre og et godt miljø. Dagen ble avluttet med en hyggelig sammenkomst med premieutdeling og god mat.   
 
Søndagens Head to Head-konkurranse var bygget opp på samme lest der alle aldersgrupper brukte samme løype med litt ulike rutevalg. God deltagelse og underholdning for oss som var tilskuere. Det var igjen et flott valg å bruke samme strekk for alle aldersgrupper, så vidt vi fikk med oss var det bare Norges beste senior herrepadler som hadde et lite uhell underveis og mistet åra.

Det var flott å se den ubetingede padlegleden på elva denne helgen, helt uavhengig av hvor man var i alder og ferdighet. Kanskje til og med NPF sine utskremte representanter skal ta mål av seg å stille opp i den uoffisielle delen av konkurransen ved en senere anledning 

 

 

Tags: #Elv , #Padling i toppen , #Generelt